57 70 76 00
post@orenhotel.no
Booking

Om oss

Men unntak av eit par tiår har Øren Hotel vore i Øren-slekta sidan starten i 1918.

Øren Garden vart solgt til industrien i 1912 og fabrikken starta opp i 1916. To år seinare bygde Anna og Hans Øren den delen som består av trevirke. Dei første åra vart lokala brukt til kafê, butikk og utleige av rom til fabrikkarbeidarar. I 1928 fekk Anna fagbrev og godkjenning for hotelldrift. Ho dreiv hotellet fram til døtrene Gunnhild og Åslaug overtok i 1958.

Systrene utvida i 1960 med ein to etasjars betongbygning. I 1978 tok Grete og Hans Øren over og bygde på ein tredje etasje på bygningen. Dei sette og opp eit tilbygg med pub og fleire hotellrom.

På 90-talet vart hotellet drive og eigd av Turid og Egil Lidal. Dei utvida og hotellet noko.

I 2003 vart hotellet kjøpt av Høyanger Trelastkompani, og var med det attende i Øren-slekta.

I 2018 feira hotellet 100 år med drift.


Stilling ledig


Foto frå Høyanger sentrum