57 70 76 00
post@orenhotel.no
Booking

Aktivitetar

Det er ikkje vanskeleg å fylle dagane med givande aktivitet i Høyanger! Vi har som andre stadar i Sogneregionen spektakulære fjordar og fjell, men vi har og små kulturperler som byr på unike opplevingar. På denne sida kan du finne noko av det Høyanger og områda rundt har å by på.


Fjellvandring

Det er mange flotte, merka turar i fjellet. Her kan ein nye korte eller lengre turar med eller uten guide. Spør i resepsjonen etter ei passande løype og kart om du vil gå aleine. Det fins turar for folk i alle aldrar.


Trappene

Trappene i Høyanger går bratt opp fjellsidene og byr på trim og spektakulær utsikt. Vi har to trapper.

– Trappene i Sandvika: 1268 trappetrinn. Vakker natur og utsikt på veien. Her arrangerast og trappeløpet kvart år. Rekorden frå bunn til topp er på ca 8 minuttar.

– Trappene i dalen: 2500 trappetrinn. Spektakulær utsikt over Høyanger frå toppen.


Rib-turar

Vi arrangerar gjerne ein tur med rib-båt for deg. Ein kan reise på fjordsafari, sjå Nærøyfjorden eller reise til Høyangers sørside og oppleve verdas største, landbaserte kveiteoppdrett.

For meir informasjon: balestrandadventure.no


Kajakk-padling

Opplev den vakre Sognefjorden på nært hold og leig deg ein kajakk med guide.

For meir informasjon: gone-paddling.no


Høyangerbadet

Besøk det flotte badeanlegget I Høyanger. Her er det både sklier, varm og kaldt basseng, boblebad og badstu.

For meir informasjon: hoyangerbadet.no


Gunnar S. Galleriet

Nyopna i 2018. Viser nokon av arbeida til den verdskjente kunstnaren Gunnar S. Gundersen som er oppvasken i Høyanger. Han vert rekna som ein av dei viktigaste av dei non-figurative kunstnarane i Noreg. I tillegg vert det utstilt gjestesamlingar.


Høyanger Industristadmuseum

Her kan du sjå utstilling, tekst og bilete, og bli kjent med industri- og arbeiderhistoria i Høyanger. Her kan du oppleve korleis ei isolert jordbruksbygd vart til ein moderne, velregulert industristad.


Aktivitetar på Høyanger sørside

Glitne

Besøk verdas største landbaserte kveiteoppdrett.

For meir informasjon: glitne.no


Stavkyrkja i Ortnevik

Besøk Anders Brekkes heimelaga stavkyrkje og andre utskjæringar.


Massnes villmarksmuseum

Utstilling av norges ville dyreartar. Her kan ein sjå utstoppa dyreartar som gaupe, rev, bjørn, ørn og ugle. Ei oppleving for alle. Kafê og guide.